fredag, september 11, 2009

Studielivet



Eg må sei at eg trives med det meste av student tilvertinga. Eg trives godt i lag med alle dei flotte folka eg har treffet. Eg tykjar om fridomen, kreativiteten, konsertar, stand-up førestillingar, festane, kino, fellesskapet, gleda over livet og den improviserte kvardagen.
Eg tykjar om å stele trer, danse i paviljongen, samtale med bamse-statuar, sovne i sofaen, filosofere på stuegolvet, leike med leikebil på kjøkkengolvet, heimelaga vin av heimeplukka rabarbra, heimelaga blåbærsyltetøy, og perlepynta blikkboksar som blyanthaldarar på pulten.
Eg tykjar om byen sin skomakar.
Eg tykjar ikkje om sjølve studie. Det er keisamt, tørt, og absolutt irrelevant får alt eg nokon gong har vore interessert i. Universitetshistorie, filosofimoral, filosofihistorie, logikk, smerteundervising så komplisert, uengasjerande, og latterleg unødig krøket forklart med engelske fagtermar skal du leita lenge for å finna nokon anna plass.
Eg tvilar sterkt på om eg kommer til å studere neste år... Så stress som skulestarten var, og så keisamt som undervisinga er, så uinteressante tema vi må gjennomgå får meg til å undra meg kvifor folk frivillig studerer i fleire år! Eg ser ikkje kvifor eg skal fortsetje med dette. Eg trur eg vil gjer noko anna neste år, men samtidig trives eg så godt på fritida.....
Eg er spent på kvar eg kjem til å ende opp. Eg er spent på kva framtida kjem til å bringe.

Eg elskar vinter, eg elskar nord-Noreg, Eg elskar fjell, eg elskar vidda.
Eg har ennå ikkje vore på fjelltur. *sorg* Eg har vore sjuk. Det har vore faddeveke. Det har vore innflytting. Eg skal på tur på lørdag, viss veret bler fint.

1 Kommentarer:

Anonymous Anonym sa ...

whooooo! løøvli marianne! du krøke deg fortsatt me den nynorsken du ikkje har heilt tage på;) hihih.. du e herlig! Kos deg i snøen, eg glede meg t SVALBARD:D:D blessblessblessyou

1:48 p.m.  

Legg inn en kommentar

Abonner på Legg inn kommentarer [Atom]

<< Startsiden